Restaurant Caprae Langelandsvik gard.

Restauranten ligg fint til inst i Skjoldafjorden. Her kan ein komme med bår via Skjoldastraumen, eller med bil via Rv 513

Camilla Brendjord Rusten har pop-uphelgar hjå oss.

Hans Almeland Seim har pop-uphelgar hjå oss.

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Otertongvegen28
5574 5574 SKJOLD
Telefon 93438664
Lengdegrad 5.63188
Breddegrad 59.486962

Pop-up gardsrestaurant med kortreiste råvarer frå lokalmatprodusentar og eigen gard. Omvisning på garden er mogleg. I sommarhalvåret har me helgeåpent for uteservering. Frå april 2025 har me overnatting i svevetelt.

Langelandsvik gard ligg ved Otertong i Vindafjord Kommune. Her kan ein besøke Restaurant Caprae som er gardsrestauranten vår. Denne vert driven som pop-up-restaurant der ein gjennom året kan bestille bord for heile kvelden med 7 rettar middag laga av produkta frå gardsdrifta. Me leiger inn ulike kokkar gjennom året. Følg med på arrangementa våre. Kokkane er dedikerte og unge med stor interesse for "fine dining". I sommarhalvåret vil det vere mogleg å besøke oss og få servert enkle varmrettar på brygga eller i teltet, Dette saman med god drikke. Opningstider vil komme på nettsida vår www.caprae.no og facebooksida til geiteprodukter.no. Det er og høve til omvisning på garden og treffe både geiter, små Dexterkyr, Vestlandsk Fjordfe og høner på vegen. Restauranten har alle rettar til servering av drikke, både inne og ute på brygga. Vinmenyen vår er utarbeida i samarbeid med somelierar frå Park Hotel på Voss.

På garden har me om lag 100 vinterfora ammegeit av rasen Kasjmir, 10 ammekyr av rasen Dexter og 6 ammekyr av Vestlandsk Fjordfe. Egg frå frittgåande høner.. Me legg vekt på grasfora dyrehald, og bruker under 5 % tilleggsfor til dyra. Dyra beiter på lokal vegetasjon som i stor grad liknar kystlynghei.

Me legg og vekt på å vere miljøvennlege. Difor produserer me eigen eigen straum ved hjelp av om lag 500 kvm solceller som gjev minst 70-80 MWh gjennom året. Me produserer urter til restauranten i ein innandørs Vertical Farm.

www.caprae.no kan ein bestille bord til popup-kveldane gjennom heile året. Me legg ut 5 helgar vår og 5 helgar haust.

Overnatting i svevetelt: Me har to einingar med plass til to personar i kvar. Til kvart telt høyrer det til eige rom med toalett og dusj. Kommer du med bobil er du velkommen til å parkere hos oss mot eit lite gebyr. Strøm inkludert.

For meir informasjon: https://www.h-avis.no/vis/annonse/geiteprodukter/haugesund/ln/2023/

Les mer