Kontaktperson | Terje Grønmyr |
Adresse | Hallebygda 253 6084 Larsnes |
Telefon | 40620565 |
Lengdegrad | 5.54108 |
Breddegrad | 62.2229 |
Kråen Gard med sine røter tilbake til 1600-talet, ligg vakkert til i sydvendt skrått terreng med panoramautsikt til fjell, fjord og storhavet. Her yst ute i ved kysten byr vi på heimelaga gardsmat av lokale råvarer, arrangement og servering for bedrifter og private i flotte tradisjonsrike omgivelsar. Spektakulær og komfortabel overnatting i våre hotelrom på tunet. Velkomne til oss!
Vi, Veronika og Terje Grønmyr kjøpte Kråen Gard i desember i 2017. Då hadde der ikkje vore gardsdrift på mange år. Sidan då har vi arbeidd med å vedlikeholde og pusse opp gardshuset, låven og gardstunet. Målet er å ta vare på alle bygningar, gardstun, dyrkamark og kulturlandskap. Vi har i dag eit lite dyrehald med Boergeiter. Dei tidlegare drivarane dyrka mykje poteter, bær og frukt. Mange av dei gamle frukttrea og bærbuskene står her fremdeles. Dette ga oss inspirasjon til å starte med småskala produksjon av både saft , syltetøy og gele. Svarthyllen veks også svært godt i dei lune skråningane rundt tunet. Dette har gitt oss god tilgang på hylleblomst, og vår spesialitet er hylleblomstsaft, som har blitt veldig populær.
Gardsbutikk, matopplevingar og arrangement:
I kjellaren på gardshuset er det i dag gardsbutikk med serveringslokale til 12 gjestar, og på låven er det gardskafe med plass til omlag 80 gjestar. Her tilbyr vi lokale matopplevingar og arrangement som møter, kurs, samling med arbeidskollegaer, åremålsdag, bryllup og barnedåp i koselige og unike lokaler.
Her har vi også ulike kulturarrangement og konsertar. Gardskafeen er åpen dei fleste helgar og oftare om sommaren. Sjå våre åpningstider på vår facebook side.
Overnatting:
På garden kan du også overnatte i komfortable hotellrom på tunet, i form av mikrohus, med eige bad og kjøkkenkrok. Eller du kan bo i eit av våre flott møblerte glampingtelt, som vi har til utleige frå mai til september. På bestilling serverer vi både frukost og andre måltid, alt etter gjesten sine ønsker.
Aktivitetar:
Det er kort veg til både korte og lengre fotturar langs sjøen eller på fjellet. Ned ved sjøen har vi egen vedfyrt sauna, der kan du også bade i sjøen eller i badestamp med både kaldt og varmt vatten.
Du kan leige kano og padle langs fjøra, eller fiske fra våre svaberg.
Har du lyst å fiske dine egen krabbe, hjelper vi deg med både fiskeri og tilbredning etterpå.