Hardanger Bygdeysteri

Våre ystarar Torkel Hovland og Ingvild Rommeltveit. Torkel er òg ein av eigarane av ysteriet.

Steikeost på grillen

Hardanger steikeost på skjeva med sylta raudløk og salat

Supert å bruke steikeost på pizza. Sjå oppskrift på heimesida vår.

I Skummesalen tek me i mot besøkande på omvising og ostesmaking   Fotograf: Kathrine Helgheim

Skummesalen i det nedlagte TINE-anlegget er no opplevingslokale til Hardanger Bygdeysteri.   Fotograf: Kathrine Helgheim

Røykt steikeost med eit hint av ekte bålsmak

Steikeost - steik og nyt - me har mange kundar som digger den! :)

Bondens Marked Miljøfyrtårn Norsk Gardsost
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Sjusetevegen 14
5610 ØYSTESE
Telefon 90152038
Lengdegrad 6.19901
Breddegrad 60.3874

Hardanger Bygdeysteri er eit ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder. Mjølkebønder frå 13 gardar skipa eige ysteri i det tidlegare meieriet. Meieribygget er blitt til Mathuset Hardanger og husar både ysteri, bryggeri og gardsmatbutikk. Me lager Hardanger steikeost i fleire smaksvariantar og Ricotta

Hardanger steikeost er ein halloumi-type, ein ost som skal steikast eller grillast. Del den i skiver, steik nokre minutt på panna, den smeltar ikkje - nytast varm. Høver som erstatning for kjøt, og er god både til salat, burger, på brødskiva, mm. Røykt steikeost har ein mild, naturleg smak av røykt gråor. Gråor er tradisjonelt mykje nytta til røyking av mat i Hardanger.

Me tek i mot grupper på omvising og ostesmaking i Skummesalen – vårt særeigne visningslokale. Kan tilby lunsj til større grupper.

Me deltar på Bondens marked Bergen og er inne i fleire MENY-butikkar. Samt lokale Coop-butikkar og fleire restaurantar. Sjekk heimesida vår for meir info om utsalsstadar.

I Gardsmatbutikken til Felleskjøpet som er lokalisert i same bygg kan dykk kjøpa produkta våre. Ope frå 8.00-18.00 kvardagar og 9-15 laurdag.

Velkomen til oss!

Les mer