Hebnes vingard

Vinbøndene på Hebnes vingard dyrker druer og produserer eigen vin under labelen Midtsommar vin. I sommarsesongen opnar vingarden dørene for turistar som får vere med på omvisning og vinsmaking av gardens eigne vinar.   Fotograf: Lise Bjelland

Blå og kvite druer dyrkar dei på vingarden på Hebnes i Suldal kommune. Vingarden ligg sørvendt til, rett ved Sandsfjorden, på 59 grader nord.   Fotograf: Lise Bjelland

Arild Hebnes er vinbonde på Hebnes vingard.   Fotograf: Lise Bjelland

Haustetid på Hebnes vingard.   Fotograf: Lise Bjelland

Vinsmaking på Hebnes vingard føregår i produksjonslokalet. Her kan det dekkast til 50 personar. Gjestene får smake gardens eigne vinar i kombinasjon med lokalprodusert mat.

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Arild Hebnes
Adresse Hebnesvegen 1797
4235 Hebnes
Telefon 95969809
Lengdegrad 5.967229
Breddegrad 59.358511

Vinsmaking og omvisning: Her på Hebnes vingard dyrker me vindruer og me produserer vår eigen heilt ureiste vin! Om sommaren opnar me dørene til vineriet og vinhagen og inviterer til vinsmaking og omvisning.

Frå midtsommar til midten av august har me ope fast tre dagar i veka. Då kan du melde deg på vinsmaking, omvisning og lunsj. Du får smake tre av våre eigne vinar, og til lunsjen kan du kjøpe deg eit glas med lokal drikke. Du melder deg på via kalenderen på heimesida vår - den opnar i slutten av februar 2023. Kjem du båtvegen har me plass til deg ved brygga vår. Gje beskjed om det når du melder deg på.

Me lager også opplegg for grupper som vil komme til andre tider enn dei faste. Kontakt vinbonden Arild Hebnes på 95969809, så ordnar han det.

Me minner om at ein må dere fylt 18 for å smake på vin.

Hebnes vingard og Midtsommar vin blir drive av Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Vinhagen ligg lunt og sørvendt til, 50 meter frå fjorden. Her veks vinrankene seg høge og stolte om sommaren, og på hausten heng klasane og lokkar

Hebnes vingard

  • Starta i 2020
  • 6000 vinstokkar
  • Produserte i 2021 700 liter druevin fordelt på raud-, kvit-, oransje -og rosévin
  • Du finn oss på Hebnes i Suldal kommune
  • 1,5 årsverk

6000 vinstokkar fordelt på sortane:

  • Solaris
  • Rondo
  • Leon Millot
  • Bolero
  • Regent
  • Norse Odin
  • Idunn
  • Tor
  • Rosling
  • Johannitter
  • Muscaris
  • Schäfer Riesling
  • Spätburgunder

Les mer