Voll Ysteri

Foto: Ingeborg Skrudland

Foto: Ingeborg Skrudland

Foto: Ingeborg Skrudland

Foto: Ingeborg Skrudland

  Fotograf: privat

Ysteriet for 100 år sidan   Fotograf: privat

Foto: Ingeborg Skrudland

Norsk Gardsost Spesialitet
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Hans Voll
Adresse Ysterivegen 8
4354 Voll
Telefon 51 42 02 38 / 952 81 560
Mobiltelefon 95281560
Lengdegrad 5.607105
Breddegrad 58.806141

Me produserar Jærosten i eit over 100 år gamalt ysteri midt i matfatet på Jæren.Dette var det fyrste samvirkeysteriet på Jæren drive på heilårsbasis. I dei lokala Jæroste vert laga, var det produksjon frå 1901 til 1963 Då vart produksjonen flytta til eit nybygg lenger vest på garden.

Jærosten er ein handverksost laga av nysilt rå melk (upasteurisert).Mjølka går direkte frå spene til ystekar, vert tilsatt melkesyrebakteriar frå Alpane og Svensk kalveløype. Ystekaret er av kopar. Kopar-ionane har stor verdi for gjæringa av osten. Dei fremjar på positivt vis melkesyre- og propionsyregjeringa, proteinnedbrytinga og enzymkvaliteten. Ostesmaken vert mildare og betre med meir aroma. Kopar er viktig for vekst og motstandskraft, og den stimulerer hemoglobinproduksjonen.

Jærosten er den første autoriserte osten av rå mjølk i Norge nokon gong. Jærosten fekk gullmedalje i landsutstillinga for gardsost 2003, 2005 og 2007. I 2007 vart Jæroste kåra til ÅRETS OST. Jærosten har Spesialitetsmerke.

Les mer