Kontaktperson | Geir Løne |
Adresse | Strandavegen 785 5710 Skulestadmo |
Telefon | 56 51 69 65 |
Lengdegrad | 6.472726 |
Breddegrad | 60.692962 |
Landets einaste smalahoveprodusent! Smalahovetunet er ei familieverksemd lokalisert på Voss, som produserar smalahove og anna tradisjonsmat.
«Det har vorte ete smalahove på Voss så lenge det har levd vossingar». Før var smalahove kvardagskost for dei fleste, det var det også for Ivar L. Løne og kona Kjellaug Løne når dei svei smalahove til seg sjølve. Og etter kvart svidde dei for familie, venner, naboar og i dag svir me smalahove til heile landet.
På garden Løne der verksemda held til har me gardsbutikk med godt utval i handlaga tradisjonsmat. Me kan også ta imot lag til selskap, lunsj, middag, åremålsdagar eller liknande i stabbur frå 1700 talet. Eitt nyare bygg på garden er eitt innebygd grindabygg, der er det plass til større lag. Me har alle rettigheiter.
Kom gjerne innom garden for handel i gardsbutikken eller du kan førehandsreservere plass i eitt av våre lokale for matservering og omvisning.
Gardsbutikken er open til ei kvar tid heile året.