Adresse | Linge 29 6210 Valldal |
Telefon | 92641926 |
Lengdegrad | 7.22542 |
Breddegrad | 62.29003 |
I Negarden har vi drive økologisk frukt- og bærdyrking sidan 1987, og vi er godkjende av Debio. Vi dyrkar eple, plomme, pære, morell, surkirsebær og aprikos. Om hausten pressar og pasteuriserar vi eplemost for sal. Nede ved fjorden ligg hytta Fjordbua som vi leiger ut til ferierande.
Garden vår har historie langt attende, og namnet Negarden skriv seg frå den tida gardane på Linge låg samla i eit klyngetun. På vegen nedanfor garden er det reist ein minnestein etter krigshelten Martin Linge som vart fødd og vaks opp i Negarden.
Tunet er spesielt med høge steinmurar som fundament for tradisjonelle vestlandsbygg. Vi har lagt mykje arbeid i å halde ved like bygningane i gamal stil. I dette arbeidet har vi fått støtte frå mellom anna Kulturminnefondet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norddal (no Fjord) kommune og Norsk Kulturarv med «Ta et tak»-aksjonen.
Hans Strøm, som var prest, forfattar og naturforskar på 1700-talet, skreiv om Linge at: ”Linge er en af de smukkeste og bedste Gaarde i hele Kaldet (…)», «i en skraa Situation mod Solen, ret ligsom en Driv-Benk i en Have…”