Bergsdalstunet
Kontaktperson:
Olaug Fagerbakke
Adresse:
Lid i Bergsdalen, 5722 Dalekvam
Telefon:
Nettside:
E-post:
På Bergsdalstunet inviterer me deg til ekte og minneverdige matopplevingar – her samlar me små og store grupper til feiring, selskap og bryllaup midt i naturen. I den særeigne Gamlefloren frå 1800-talet serverer me kortreist mat med røter i fjell og tradisjon. Her får du kalvekjøt frå eigen gard og lammekjøt frå nabogardane Fosse og Rødland, laga med omsorg og lokale råvarer. Hos oss får du det ekte, frå lune samtalar inne til latter rundt langbordet – alltid med smakar rett frå garden og nærområdet. Ta kontakt for å bestille et besøk hos oss.
Bergsdalstunet – eit levande gardstun i hjarta av Bergsdalen
Bergsdalstunet er eit levande gardbruk der tradisjonar og gardsdrift går hand i hand med gode opplevingar. Her er det alltid aktivitet på tunet, og dyrehaldet står sentralt i drifta. Sonen Erling har no teke over sjølve gardsdrifta, medan Olaug og Helge Terje framleis er vertskap på tunet.
Gamlefloren har vore ein sentral del av garden gjennom generasjonar. Før i tida budde kyr, griser, sauer og høner her om vinteren, før dei vart sleppte til vår- og sommarstølen for å beita i dei frodige områda rundt Bergsdalen. I dag er Gamlefloren eit rom der historia møter det moderne, og kvar stein i veggen ber med seg eit stykke av garden si stolte fortid.
Gjennom året deltek me også på lokale marknader, messer og i REKO-ringen Stanghelle, slik at fleire kan få smaka på det beste frå Bergsdalen. Me samarbeider også med lokale lag og organisasjonar for å skapa arrangement som Fiskefest, Smalahovefest og andre tradisjonsrike samlingar.