Lingebakken

Lingebakken

Eplemost og pæremost

Discovery-most i morgonsol

Aroma-eple

Edda-plommer

Pressing

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Linge 75
6210 Valldal
Telefon 97681432
Lengdegrad 7.218192
Breddegrad 62.288306

Lingebakken ligg sørvendt mot Storfjorden på indre Sunnmøre. Her dyrkar vi moreller, surkirsebær, plommer, eple og pærer. Hausten 2020 byrja vi å presse våre eigne eple til eplemost, og sommaren 2021 selde vi våre første flasker med sider.

Lingebakken er den ytste garden i grenda Linge i Valldal. Her har det vorte dyrka frukt og bær i generasjonar. Det finst få stader lenger nord i verda med kommersiell fruktdyrking, men på grunn av golfstraumen og det lune klimaet i denne sørvende grenda, ligg forholda godt til rette for frukt akkurat her. Gardsutsalet vårt er stort sett ope kvar dag mellom juli og oktober, så lenge vi har noko å selje. I tillegg til eplemost og sider har vi moreller i juli, i august byrjar plommene, i september–oktober går det i eple og pærer. Resten av året er det sjølvbetening med sal av eplemost, og sider etter avtale. Det er berre å ta kontakt med Elida, så kan det meste ordnast.

Les mer