Kontaktperson | Jostein Hjorteland |
Adresse | Skiftun 36 4146 Skiftun |
Telefon | 90062330 |
Lengdegrad | 6.14238 |
Breddegrad | 59.27786 |
I hjarta av Ryfylke ligg Skiftun. Her har det vore dyrka frukt i fleire generasjonar. Omringa av blå fjord og grøne bøar, strekk frukthagane seg heilt ned til sjøkanten. Gode klimatiske forhold gir smakfulle eple og pærer. Frukta blir pressa til frisk og god eplemost. Me laga og sprudlande sider.
Gardutsalet vårt finn du på Krambuå på Skiftun. I fruktsesongen har me eple og pærer. Eplemost og sider får du kjøpt store deler av året. I tillegg har me villsauskinn av eigne sauer. Du vil også finne villsaukjøt og kalvekjøt produsert på nabogarden og røykelaks frå Mikals Laks. Om sommaren kan du også få kjøpa jordbær og moreller.