Lofthus sideri

  Fotograf: Lofthus sideri

  Fotograf: Lofthus sideri

Produsentane: Ivar Tveito Eidnes, Åsmund Eidnes Nedrevåg, Halldor Gjernes Lofthus og Halldor E. Eidnes står bak Lofthus sideri. Her står dei ved grindbygget og utsalsstaden på Eidnes langs Dronningstien, der folk kan kjøpa eplejuice og sider.   Fotograf: Eirin Tjoflot

Sider: Gaum, Drøs, Fjåg og Kvelve   Fotograf: Lofthus

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Lofthusvegen 49
5781 Lofthus
Telefon 98818456
Lengdegrad 6.662032
Breddegrad 60.332882

- LOFTHUS SIDERI - Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sumardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider.

SIDER - Lofthus sideri lagar fire typar sider, Gaum, Drøs, Fjåg og Kvelve. Alle er laga på reine eplesortar og er halvtørre og tørre typar.

JUICE - Kvelve juice er 100% rein eplejuice. Alle pressepla er plukka direkte frå trea, og vert pressa og pasteurisert rett etter hausting. Me lagar juice på reine eplsortar.

UTSAL- Me sel sider og juice frå gardstunet på Eidnes.

Utsalet vårt ligg mellom fruktre og gardstun i enden av Dronningstien og kan tilby iskald eplejuice som perfekt avslutning på turen. Gardsutsalet er i somarsesongen ope måndag til fredag 08.00 til 20.00 og laurdag 09.00 til 18.00. Utanom sesongen kan det vera lurt å ringe på førehand. Me tek imot grupper/ smakingar etter avtale.

Les mer