Olaløo

Olaløo er og eit lite museum med gamle redskaper og kjøreld fra garden

Gamal hestevogn oppi taket i storsalen

Floren er eit lite lokale som passer for selskap inntil 20 personer

Storsalen med plass til ca 90 personar

Ovnsbakt aure er favoritt

Komler med lokalt tilbehør, Pinnekjøt frå Lundal og Sundepølse

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Inger Lise Bondhus
Adresse Bondhus 26
5476 Mauranger
Telefon 47813306
Faks ingerlisebondhus@gmail.com
Lengdegrad 6.271542
Breddegrad 60.114606

Olaløo på Bondhus er ein av vestlandets beste gardsrestaurantar og me kan tilby selskap og arrangement av alle slag. Lokal mat, lokale tradisjonar midt mellom bre, fjord og fjell. Me kan tilby private arrangement som bryllup, konfirmasjon, dåp, jubileum og julebord. I tillegg tek me i mot grupper for lunsj, middag eller kaffi på førehandstinging, dette kan vere alt frå elevar på skuletur til sightseeinggrupper frå cruisebåt og buss. Kurs og konferanse: Olaløo har wifi, 4G dekning, lerret og eigen prosjektor. Open kafe: Om våren er kafeen open kvar sundag. I den hektiske turistsesongen frå slutten av juni til slutten av august er kafeen open kvar dag unntatt mandag.

Mat og drikke for gane og sjel

I den djupe fjorden, i den ville naturen og i dei kalde fjellvatn lever fangsten som har metta våre forfedrar i hundrevis av år. Dette vil me vidareføra med å tilby deg lokale råvarer og lokale mattradisjonar. Me går heller ikkje av vegen for å tenkja nye og spennande rettar av alle slag. Det er opp til deg kva du vil eta og drikka på våre bord. Ta kontakt så tilpassar me måltidet og arrangementet akkurat slik du ynskjer. Me har alle rettigheiter når det gjeld alkoholservering og tilbyr gjerne lokalbryggja cider og øl. Vel bekomme ønsker vertskapet Inger Lise Bondhus og ektemann Arild Lunde, me gjer vårt beste for at du skal trivast hos oss.

Les mer