Kontaktperson | Gunnar Kartveit |
Adresse | Radøyvegen 1277 5936 Manger |
Telefon | 456 87 766 |
Mobiltelefon | 456 87 766 |
Lengdegrad | 5.099783 |
Breddegrad | 60.62796 |
Kartveit Gjestetun er staden der fortida møter framtida! Velkommen til gode dagar ”på landet”, berre 45 km nord for Bergen. Vi kan by på inspirerande og barnevenleg naturmiljø, lange soldagar, og med varierte aktivitetar og attraksjonar innan rekkevidde.
Kartveit Gjestetun ligg fritt til på ei høgd med "vidvinkel" utsikt. Det er bilveg fram til døra. Nordsjø sykkelløype går 100 m frå huset.
Huset og området var del av eit klyngetun fram til slutten av 1800-talet. Garden der Gjestetunet ligg, har vore i slekta i over 250 år. Etter rehabilitering av huset i 2009 er moderne og tenlege løysingar vevde saman med gamle tømmervegger.
Huset har tre soverom, alle med dobbeltsenger. Med ekstrasenger kan vi laga sengeplass til i alt ti i huset. Der er to bad. Det ligg godt til rettes for sjølvhushald, - kjøkkenet er moderne utstyrt med dekketøy, oppvaskmaskin osv., og til og med dei vanlegaste kryddersortane er der.
Kanskje du vil ta ein fisketur eller nyta livet i boblebadet medan maskinene tek seg av oppvask og klevask?
Dette er staden der fortida møter framtida!