Sivle Gard

Velkomne til Sivle Gard.   Fotograf: Kyrre Wangen

Her høyrer fjordingen heima!   Fotograf: Kyrre Wangen

Lokal spekjemat, servert med fantastisk utsikt over Stalheimsgrenda   Fotograf: Kyrre Wangen

Vertskapsrollen er viktig i møte med gjester!   Fotograf: Kyrre Wangen

Spekjekjøtet er klart til å nytast!   Fotograf: Kyrre Wangen

Nydelege, økologiske bringebær på Sivle!   Fotograf: Kyrre Wangen

Kva meir kan ein ynskja seg? God mat, flott utsikt, ro og stillheit - Ekta Oppleving.   Fotograf: Kyrre Wangen

Debio Godkjent Samarbeidspartner Norsk Kulturarv
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Randi Engelsen Eide
Adresse Stalheim
5713 Vossestrand
Telefon 957 832 74
Lengdegrad 6.686434
Breddegrad 60.842849

Velkomen til Sivle Gard, der natur og kultur går hand i hand! Mellom høgreiste fjell og djupe dalar tek vertinna dykk med inn i Per Sivle sitt rike. Dette området som diktaren henta inspirasjon og trødde sin barneår, er i dag ein del av det sermerkte Vestnorsk fjordlandskap, som er på UNESCO si verdsarvliste. På Sivle kan de nyta storslagen natur, krydra med forteljingar, dikt og song. Her kan de få nyta god heimelaga tradisjonsmat, der mykje av råvarene vert produsert på garden. Vertinna på Sivle gjer alt for at gjestene skal få gode og ekta opplevingar.

Tunet på Sivle fortel at her har det vore busetnad og gardsdrift i mange hundre år. Den fyrste brukaren som er omtalt i ættaboka budde på Sivle frå 1563. Fleire funn under jordarbeiding, viser at her har det vore busetnad alt i eldre- og yngre jernalder. Gjennom tidene har det vore ei allsidig jordbruksdrift, med husdyr og åkerbruk. I dag driv me garden økologisk, dyrkar forskjellige grønnsaker, poteter, bringebær, jordbær, rips og solbær. I tillegg til at me haustar av det naturen har å by på, av bær, sopp og grønne vekstar. I tillegg driv me med sau, og har ein fjording som deltek i gardsdrifta , og som me brukar på kløvhestturar. Sivle Gard har store og gode utmarksressursar som er viktig når ein driv med sau. Stølen til Sivle Gard ligg i Berdalen, der sauene går på gode fjellbeiter heile sommaren. Kjøt frå lam og vilt foredlar me, og nyttar i serveringa på Sivle. I Gamlastovo frå 1500-talet tek me i mot gjester, berre å stiga inn i desse romma gjer noko med folk, dei vert sett tilbake i tid og me tek gjestene med på Sakte opplevingar. Der tanken bak er at gjesten skal ta seg tid, kjenna,smaka, sjå, høyra , bruka alle sansane. I Gamlastova har me plass til 30 personar. Kårastova ( der kårfolket budde) er restaurert og vert i dag brukt til utleige, både av norske og utenlandske gjester, og dei er mektig imponert over den fantastiske plassen og ikkje minst utsikta. Gjestene steller seg sjølve, men kan gjerne tinga middag ein kveld i Gamlastova. Kårastova har sengeplassar til 7-9, og huset er velutstyrt, med oppvaskmaskin og vaskemaskin. Bualoftet har me restaurert i år, og vil ta det i bruk til neste sesong. Her skal me laga utstilling av gamle ting som me har her på garden, og vil bruka romma til møtelokale, intimkonsertar, lyrikk-kveldar og mykje meir. På låven kan me ha store selskap, her kan me dekka til 120 pers. På låven har det vore teaterframsyning, konsertar, dans, slektstemne, blåturar ,skuleundervisning og mykje meir. Stølen vår i Berdalen kan me bruka til overnatting, når me går fleire dagar i fjellet, både med hest og kløv og vanlege fotturar. Sivle Gard er eit flott utgangspunkt for flotte turar i nærmiljøet og til fjells, her tek vertinna dykk med på både korte og lange turar om de ynskjer det. Sivle gard er eit flott utgangspunkt for turar, både til Sogn, Nærøyfjorden, Voss , Bergen og vidare til Hardangerfjorden.

Les mer