Øvstabø gard ligg ved foten av Bøafossen på Ljøsne i Lærdal. Garden er omkransa av høge fjell og frodig natur. Garden har vore i familien si eiga i mange generasjonar. For 50 år sidan var det mykje epledyrking på garden og noverande eigar har teke oppatt denne tradisjonen, pr. i dag er det i underkant av 10.000 trær planta på garden. I tillegg til eple vert det dyrka bringebær og potet.
2021 var fyrste året med produksjon av eplemost og det vart laga fem ulike sortar; discovery, aroma, eden, gravenstein og eple med bringebær. Alt råstoff kjem frå eigen gard og vert selt frå garden og til butikkar og serveringsstader i nærmiljøet.
Produkta vert vidareforedla på eigen gard, avstanden frå produkt til ferdig vara skjer derfor innanfor ein radius på 250 meter, ein kan difor seie at eplemosten frå garden er eit kortreist produkt!
Dei ulike eplemost sortane våre har hausta fleire prisar under Hanen sitt arrangement «Norges beste drikke», med tredjeplass totalt til Gravenstein i 2024 som foreløpig høgdepunkt.