Bakkevig Gard

Det gamle eldhuset på garden

Utegangarsau

Ferske jordbær kvar dag i sesong

Koseleg hytte med 6 sengeplasser

Hytte med nydeleg utsikt. Sengeplass til 5.

Tur på fjorden er populært. Me leiger ut båtar i sommarsesongen   Fotograf: Erna Synnøve Kalland Tjelle

Krabbefiske i strandkanten. Utleigehytte i bakgrunnen.

Hopp i havet! Stupebrett ved badeplassen

Badeplassen ligg like nedanfor hyttene

Utleige av kajakkar i sommarsesongen

Garden sett frå lufta. Hervikfjorden til høgre og Boknafjorden til venstre.   Fotograf: Erik Kold Bakkevig

Sommarmåltid på hytteterrassen   Fotograf: Helge Eek

Varme, gode skinn frå villsauene våre er populære både til eige bruk og som gåve.   Fotograf: Helge Eek

Julemarked i eldhuset

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Bakkavik, Liarvågvegen 681
5560 Nedstrand
Telefon 41030952
Lengdegrad 5.647331
Breddegrad 59.292341

Velkommen til Bakkevig Gard, som ligg i bygda Nedstrand i Nord-Rogaland. Me driv med Gammalnorsk sau, grasproduksjon, jordbær, litt potet/grønsaker og utleige av hytter.

Bakkevig Gard ligg idyllisk til ved innløpet på austsida av Hervikfjorden i Tysvær kommune i Nord-Rogaland. Her har ein har gjennom alle generasjonane nytta ressursane på garden både gjennom landbruk og fiske, og i nyare tid er hytteutleige ein viktig del av næringsgrunnlaget.

Hyttene passar perfekt for barnefamiliar og par. Dei ligg fint og sørvent til, med utsikt over fjorden. Her er fine forhold for turar på sjø (utleige av båt og sit-on-top kajakk) og land like i nærmiljøet.

For meir informasjon og bestilling ta kontakt på telefon 410 30 952 eller e-post kbakkevig@hotmail.com. Om sommaren ønsker me primært leige av heile veker, men ta gjerne kontakt om det er andre ønske.

Distriktet her byr elles på mange kjekke aktivitetar for både store og små som feks "Høyt og lavt Nedstrand klatrepark", Tysværtunet badeanlegg i Aksdal og Vikinggården på Karmøy.

På garden er det omlag 120 vaksne sauer av rasen Gammalnorsk sau. Me sel ferskt/frose lammekjøt og får foredla kjøtet til fenalår og pinnekjøt ved Vikedal Gardsmat. Dette kan kjøpast direkte frå garden eller gjennom Reko-ringen på Haugalandet. Me tek også i retur eigne skinn frå lamma, som er populære som gåve til seg sjølv eller andre. Sauene beitar ved sjøen, på innmark og utmark, og variert fôr i form av urter, gras, lyng, einer og lauv gir eit nydeleg kjøt med eit snev av viltsmak.

Oppe ved gardsvegen har me ei sjølvbetjent utsalsbu, der ein får kjøpt jordbær og poteter i sesong.

Det er ein gammal gard som har vore i familien sidan midt på 1700-talet. Fram til omlag 1660 låg garden under Utstein kloster på Mosterøy, men alle fornminna på garden viser at det må ha vore bønder her før Svartedauden.Gardstunet er omkransa av fleire gamle hus. Bustadhuset er omlag 150 år gammalt. På vedaskuten er det tak av villheller, teke frå eit "hedlebrot" som ligg på garden. Dette vart restaurert i 2017. Eldhuset er i stein, bygd av såkalla "austmenn", som kom frå austsida av Langfjella over til fjordbygdene for å ta seg arbeid.

Les mer