Line Gard

  Fotograf: Ingeborg Srudland

  Fotograf: Ingeborg Skrudland

  Fotograf: Ingeborg Skrudland

  Fotograf: Ingeborg Skrudland

  Fotograf: Ingeborg Skrudland

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Hauglandsvegen 60
4346 Bryne
Telefon 99607510
Lengdegrad 5.632227
Breddegrad 58.715731

Line Gard blir drive av stolte bønder på Jæren. På garden har me melkeproduksjon, ammekyr, sau, egg, korn og eit gardsutsal. Familien består av storbonden, bondekona og tri born. Me legg mykje arbeid og prestisje i å driva bærekraftig, og levera mat som held særs høg kvalitet.

I utkanten av Bryne, midt i matfatet på Jæren ligg Line Gard. Det har vore gardsdrift i fleire generasjonar på Line Gard. Dagens eigarar har drive Line Gard sidan 2000, men garden har vore i familien sidan 1886. Garden ligg kun eit steinkast frå den kjente husmannsplassen Træe på Line, som er frå 1870 og truleg er det mest malte og fotograferte huset på Jæren.

Les mer