Hardangerbonden

Bonden, Drengen, Odelsjento og Vetlajento   Fotograf: Falkeblikk AS

Livet i Hardanger.   Fotograf: Falkeblikk AS

  Fotograf: Øystein Haara

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Seksevegen 62
5773 Hovland
Telefon 99278028
Lengdegrad 6.623302
Breddegrad 60.249544

Hardangerbonden, det er oss. Bonden Ingrid og Drengen Bård. Ein tidlegare lærar og ein petroleumsingeniør, som elskar frisk luft og hardt arbeid. På Sekse i Hardanger dyrkar me eple. Søte og syrlege eple, som sprutar når du bit dei. Ja, det er heilt sant! I eit nytt sideri på garden vidareforedlar me epla våre til eplemost og sider. Me nyttar eigne råvarer i produksjonen. Då har me full kontroll på kvalitet og modningsgrad. Drikk du ein sider frå Hardangerbonden kan me peika ut kva tre epla kjem frå.

GARDSUTSALG

I gardsutsalget vårt finn du mange ulike sortar eplemost, sider og issider. I sesongen sel me og eple rett frå trea.

OPNINGSTIDER (1.mai - 30.september)

Måndag - fredag 10.00 - 18.00

Laurdag 10.00 - 17-00

Søndag stengt

Oktober - april: Ikkje faste opningstider. Ta kontakt, så opnar me for deg!

SIDERSMAKING

Bli med oss på ei smakfull, lærerik, personleg og underhaldande stund på garden (ca 1,5 time).

Dette får du oppleve:

Smaka tre ulike sidrar og ein issider, med tilhøyrande ost og spekefjøl. Me har gode alkoholfrie alternativ. Omvsining i sideriet, vandring i frukthagen og historieforteljing i siderstova.

Pris frå kr 599 pr. person, born 0 - 10 år gratis

Transport kan bestillast frå Lofthus og Kinsarvik.

Booking på hardangerbonden.no eller post@hardangerbonden.no

Me tilbyr og privat sidersmaking og sidersmaking for grupper. Ta kontakt på e-post så lagar me eit opplegg for dykk.

Les mer