Kontaktperson | Jan Ove Nes |
Adresse | Fjordavegen 3782 5777 Grimo |
Telefon | 91318679 |
Lengdegrad | 6.663427 |
Breddegrad | 60.402765 |
Harding Økologiske Sideri starta med legalisert produksjon og sal av sider i 2020 og skil seg frå dei fleste andre med at me brukar i all hovedsak eigenproduserte eple - som i tillegg er økologiske. Sideren vert laga på tradisjonell metode med villgjær, låg temperatur og lang gjæringstid - akkurat slik bestefar gjorde det. Mellom 2021 og 2024 er det bygd eit nytt siderhus for å få større plass til både siderproduksjon og gjester. Bygget er sett opp av material frå eigen skog og eige sagbruk, og er isolert med naturleg trefiber isolasjon. På taket er det solcellepanel som gjer at eg i hovedsak er sjølvforsynt med straum.
Då eg flytta heim på garden i 2003 levde framleis bestefar Jakob. Kva einaste haust laga han sider på tradisjonelt vis. Etterkvart som han vart eldre trong han meir og meir hjelp for å laga dei edle dråpane, og slik fekk eg med meg alle gamle nedarva metodar og tradisjonar.
Etter at Besten gjekk bort i 2009 har eg halde fram tradisjonen med å laga sider av eigne eple. Oppskrifta og metodar har vorte finpussa for å tilfredstilla dagens krav til kvalitet og alkoholstyrke, men grunnlaget er det same.
I 2020 var tida komen til å tilby produktet til folk flest både frå garden og på Vinmonopolet.