Sjuragarden

Beskyttet Geografisk Betegnelse Bondens Marked
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Karin Valland
Adresse Hardangerfjordvegen 225
5600 Norheimsund
Telefon 99278212
Lengdegrad 6.174651
Breddegrad 60.364098

Sjuragarden ligg vakkert til i fjøresteinane ved Hardangerfjorden på Valland i Norheimsund. Ein typisk vestlandsgard som gjennom 9 generasjonar har vore innom ulike driftsformer. I dag er Sjuragarden ein fruktgard med hovudvekt på epleproduksjon. På tunet har me ein gardsbutikk der me sel eigenprodusert eplejuice, sider og fleire sortar syltetøy. Me sel og mykje anna godt frå andre produsentar.

Etter at frukta er hausta og eplejuicen er komen på flasker og kartongar, syltetøy på glass og sideren går sin gang. Riggar med gardsbutikken til julehandel, og held ope kvar dag frå slutten av november til og med 23. desember. Me tilbyr då fleire ulike små og store gåvepakkingar. I denne perioden sel me og eple.

Velkommen

Beste helsing Karin & Gjermund Valland

Opningstider gardsutsal

Fredag: 11-18 Laurdag: 11-16

Men eigentleg ope kvar dag per telefon.

Les mer