Fondsbu Turisthytte

Aktiviteter og opplevelser
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Solbjørg Kvålshaugen

Adresse:

Eidsbugardvegen 1920, 2985 TYINKRYSSET

Telefon:

Nettside:

E-post:

Fondsbu ligg i hjartet av Sørvest-Jotunheimen, på Eidsbugarden ved den vakre innsjøen Bygdin. Hytta er omgitt av fantastiske fjell med mange fine turmoglegheiter. Stemninga er varm og avslappa på Fondsbu. I peisestua og i biblioteket på hemsen, eller i ettermiddagssola på terrassen er det herleg å finne roen etter en dag ute i fjellet. Det gjer godt i sjela å nyte utsikten og slappe av. Bestyrer Solbjørg er kjent for nydeleg lokalmat og hjarteleg atmosfære.

Her på Fondsbu lagar me maten med kjærleik. Med ærefrykt for den reine råvara og stoltheit tilbyr me skikkeleg kost som vi lager sjølv heilt frå grunnen av. Alt kjøt utanom fjørfe hentar me frå gardar i fjellkommunen Vang. Poteter og grønsaker hentar me gjerne frå gardar i nabolaget vårt Lærdal. Maten og service står i fremste rekke her på Fondsbu. Dette gjelder om du bur her, eller berre stikk innom for å ta ein matbit. Kafeen er open alle dagar frå 11.00 – 17.00. Me serverar også 3-retters middag til gjester utanom huset dersom vi har kapasitet. Spør oss!