Ulvik Frukt & Cideri

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter

Kontaktperson:

Asbjørn Børsheim

Adresse:

Apalvegen 78, 5730 Ulvik

Telefon:

Nettside:

Ulvik Frukt og Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Bedrifta er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Har open gardsutsal kvar vekedag (ikkje sundag) kl 09.00 - 18.00 - Sal av mange typar eplemost,musserande eplemost, eplesidereddik, aronia, griegs suits dessertsjokolade , fleire typar sider m alkohol 4,7 % og fleire typar 7,5% (Gravenstein, Kvitanesen, Hylleblomsider)

Me har over 20 eplesortar som gjev stor variasjon i smak.(Ein «vanleg» fruktdyrkar i dag har 4-5 eplesortar). Me har vanlege sortar som er i handelen, mange «gamle» eplesortar som har meir syre og tannin og nokre engelske/franske sidereplesortar. Gul Gravenstein er merkesorten vår og er utgangspunktet for mange av sidrane våre. Me lagar 8 ulike eplemostar , 5 ulike sidrar , eplesidereddik og helsedrikk av Aroniamost. I tillegg me moreller frå medio juli/august og eple frå slutten av august til jol.

”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta våre.