Nedrebergtunet

Aktiviteter og opplevelser
Møter, kurs og selskaper
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Hans Magnus Nedreberg

Adresse:

Bergsida 221, 6783 Stryn

Telefon:

Nettside:

Nedrebergtunet er eit gammalt tun, med nyrestaurerte hus. Tunet ligg med panoramautsikt over Nordfjorden, og er eit flott reisemål heile året. Vi tilbyr overnatting for kortare opphald.

Overnatting i Nordfjordstova høver for mindre grupper. Her er plass til 6 pluss eventuelt ekstraseng.

I Nystova har vi gardsmuseum med stor tekstilsamling, åkle, og andre gjenstandar frå gardslivet på 1800 talet og fram til 1940. Ope for omvising etter avtale.

Området rundt Nedreberg har fint turterreng både sommar og vinter. Stryn tilbyr skiopplevingar både sommar og vinter, og flotte preparerte turløyper om vinteren. Fjella ikring er også fantastiske turmål året rundt.

I skulehuset kan du sitte i fred og ro og lese eller lytte til musikk. Boksamling og platesamling. Høver godt for møte og kursarrangement. Kvar månad er det strikkekafe i regi av Stryn Husflidslag i skulehuset.

Nordfjordstova er og samlingsplass for månadleg krefttreff for kreftråka og pårørande. Det er basert på likepersonsarbeid og er ein del av det frivillege arbeidet i kreftomsorga.