Svisdal gard

Gårdsbutikker

Kontaktperson:

Stina Fossan Svisdal

Adresse:

Fjellgardsvegen 639, 6613 Gjøra

Telefon:

Svisdal gard ligg i eit utvalgt kulturlandskap ved foten av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Generasjonar har forma landskapet gjennom aktiv gardsdrift, og i dag produserer me mjølk med fokus på dyrevelferd og kvalitet. Gjennom Fjellmjølk tilbyr me fersk, pasteurisert mjølk direkte frå garden – ei ekte smaksoppleving frå Fjellgardane i Sunndal.

Svisdal gard ligg i Svisdalen i Sunndal, på grensa til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Garden er ein del av eit utvalt kulturlandskap, der aktiv landbruksdrift gjennom generasjonar har vore med på å forme og ta vare på natur- og kulturverdiane i området. Svisdal Gard er ein del av det som blir kalla Fjellgardane i Sunndal, der gardane framleis held landskapet ope gjennom beitebruk og aktiv drift.

På garden driv me mjølkeproduksjon og sauehald med fokus på god dyrevelferd, kvalitet og berekraftig bruk av lokale ressursar. Buskapen består hovudsakleg av Norsk Raudt Fe, men me har også innslag av Brown Swiss og Sidet Trønder- og Nordlandsfe. I 2025 flytta kyrne inn i nytt lausdriftsfjøs, der gode løysingar for dyrevelferd og trivsel har stått sentralt gjennom heile planlegginga.

Fjellet har alltid vore ein viktig del av ressursgrunnlaget for garden. Om sommaren nyttar både sauene og delar av kuflokken utmarksbeite, og garden har ei nær tilknyting til Gammelsetra i Grøvudalen. Beitebruk og setertradisjonar er framleis ein viktig del av drifta og bidreg til å halde kulturlandskapet i hevd.

Me ønskjer å skape verdiar av råvarene me produserer på garden. Med Fjellmjølk tek me mjølka frå eigne kyr heile vegen frå fjøs til flaske på garden, før ho blir seld direkte til forbrukar. Slik kan me tilby fersk, pasteurisert mjølk med kort veg frå gard til bord, og samtidig gi kundane eit nærare forhold til maten dei kjøper. I sommarsesongen lagar me også eit avgrensa opplag av rabarbrasaft frå garden.

For oss handlar gardsdrifta om meir enn produksjon. Me ønskjer å ta vare på eit levande kulturlandskap, bidra til aktivitet og verdiskaping i bygda, og forvalte garden på ein måte som også kjem framtidige generasjonar til gode. Gjennom arbeidet vårt ønskjer me å vidareføre tradisjonane frå fjellgardane, samtidig som me utviklar nye moglegheiter med utgangspunkt i eigne ressursar.

Når du vel produkt frå Svisdal gard, får du ikkje berre fersk mjølk – du får også ein smak av landskapet, tradisjonane og livet i Fjellgardane i Sunndal.