Tveita Gardsmat

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Kathrine Styve Høydal

Adresse:

Tveitevegen30, 5966 Eivindvik

Telefon:

Nettside:

Gardsbutikk og Gardskafe som kan tilby forskjellige produkt frå både lokale produsentar og andre. Me tilbyr gardsmat med lokale råvarer, alt frå kjøttprodukt til saft og syltetøy. Om sommaren kan me freiste med ferske bær frå garden.

Tveita Gardsmat ligg i Gulen kommune, 12 km frå kommunesenteret Eivindvik, og omtrent 2 timar med bil til Bergen sentrum. På garden har me både villsau og eit mangfald av bærproduksjon. Bærsortar som blir dyrka er: bringebær, jordbær, rips, solbær, stikkelsbær, honningbær, aronia og tindved. Bæra sel me direkte til kundar frå gardsbutikken, på Bondens Marked og via rekoring. Det som ikkje blir solgt, vert brukt til å laga saft og syltetøy.

Me har ei gardsbutikk som er open kvar dag frå klokka 09:00 til 21:00, og butikken er sjølvbetjent slik at du kan handle når det passar best for deg. Kvar søndag og torsdag tilbyr me middagsservering frå klokka 14:00 til 18:00, med heimelaga retter basert på lokale råvarer.