Kartveit Gjestetun

Aktiviteter og opplevelser
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Adresse:

Radøyvegen 1277, 5936 Manger

Telefon:

Nettside:

Kartveit Gjestetun ligg fritt til på ei høgd med «vidvinkel» utsikt. Det er bilveg fram til døra. Nordsjø sykkelløype går 100 m frå huset.

Huset og området var del av eit klyngetun fram til slutten av 1800-talet. Garden der Gjestetunet ligg, har vore i slekta i over 250 år. Etter rehabilitering av huset i 2009 er moderne og tenlege løysingar vevde saman med gamle tømmervegger.

Huset har tre soverom, alle med dobbeltsenger. Med ekstrasenger kan vi laga sengeplass til i alt ti i huset. Der er to bad. Det ligg godt til rettes for sjølvhushald, – kjøkkenet er moderne utstyrt med dekketøy, oppvaskmaskin osv., og til og med dei vanlegaste kryddersortane er der.

Kanskje du vil ta ein fisketur eller nyta livet i boblebadet medan maskinene tek seg av oppvask og klevask?

Dette er staden der fortida møter framtida!