Valdresmeieriet
Kontaktperson:
Jørn Wangensten
Adresse:
Fosheimvegen 66, 2960 Røn
Telefon:
Nettside:
E-post:
Valdresmeieriet held til i moderne meierilokaler på Fosheim i Røn, og då vi flytta inn i 2015 var det nøyaktig 100 år sidan det vart starta ysteri i same hus for fyrste gong. Her yster vi Valdres Ost, Salatost og Valdres Brie av heilmjølk frå lokale gardar heile året. Om sumaren yster vi Bufarost® på heilmjølk frå sumarbeite i fjellet.
Ost frå Valdresmeieriet finn du i dei fleste daglegvarebutikkane rundt om i landet, men du kan óg besøke utsalet vårt i Golsvegen 23 på 2920 Leira i Valdres. Der har vi eit lite fabrikkutsal saman med rakfiskbedrifta vår, Wangensten AS. Utsalet er ope på kvardagar mellom 9 og 16.