Helleland gard – Heldre sider og saft
Kontaktperson:
Olav Helleland
Adresse:
Hellelandsvegen 145, 5781 Lofthus
Telefon:
Nettside:
E-post:
Helleland gard ligg knappe 2 km nord for Lofthus sentrum, like ved Lofthus Camping.
Garden har vore i familien sidan 1684. Me har eit lite gardsutsal der me sel eigen frukt, eplemost og sider, i tillegg til andre lokale produkt som honning, syltetøy og chutney. I tillegg til utsalet tilbyr me sidersmaking i to alternativ. Enkel sidersmaking i produksjonslokalet og sidersmaking med fingermat i mosstova vår frå første kvartal av 1600-talet.
På heimesida vår finn de kontaktinformasjon for tinging av smaking og oppdaterte opningstider for utsalet.
