Lingebakken
Kontaktperson:
Elida Linge
Adresse:
Linge 75, 6210 Valldal
Telefon:
Nettside:
E-post:
Lingebakken er ein frukt- og sidergard på Linge på indre Sunnmøre. Her har det vorte dyrka frukt og bær i generasjonar. No dyrkar vi økologiske eple, pærer og plommer, konvensjonelle moreller og litt surkirsebær, og lagar sider og most basert på eigne økologiske råvarer. Vi tek imot grupper på sidersmaking etter avtale.
Lingebakken er den ytste garden i grenda Linge i Valldal. Det finst få stader lenger nord i verda med kommersiell fruktdyrking. På grunn av golfstraumen og det lune klimaet i denne sørvende grenda, ligg forholda godt til rette for frukt akkurat her. Gardsutsalet vårt er stort sett ope kvar dag mellom juli og oktober, så lenge vi har noko å selje. I tillegg til eplemost og sider har vi moreller i juli, i august byrjar plommene, i september–oktober går det i eple og pærer. Resten av året er det sjølvbetening med sal av eplemost, og sider etter avtale. Det er berre å ta kontakt med Elida, så kan det meste ordnast.