Vangstun Gard
Kontaktperson:
Ola Hopperstad
Adresse:
Bygdavegen 132, 6894 Vangsnes
Telefon:
Nettside:
E-post:
Vangstun Gard har vore i familien Hopperstad si eige sidan 1859.
Produksjonen på garden har alltid vore frukt og bær.
Slik er det også er i dag, med jordbær, bringebær, bjørnebær, litt eple, og ein smak av plommer.
Det meste av produksjonen av bær går til Bama som ferske bær, industribæra går til Tine, og litt frukt og bær blir nytta til produksjon av eigne gardsprodukt.
I sesongen vil det være 12-15 tilsette, frå Polen og Thailand, der arbeidet består seg av klargjering og planting på våren, og plukking av bær i sesongen, som strekker seg frå tidleg juni til slutten av september.
Bærproduksjonen på Vangstun Gard foregår i tunnel, medan frukta framleis er på friland.
I 2025 blir det planta eit felt med moreller i tunnel, og eit lite felt med plommer i tunnel.