Balholm - Ciderhuset

Sogn er ein del av det nordlegaste fruktmiljøet i verda   Fotograf: Balholm

  Fotograf: Sune Eriksen

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Åge Eitungjerde
Adresse VILLAVEGEN 14
6899 BALESTRAND
Telefon 99499981
Lengdegrad 6.532521
Breddegrad 61.201497

Ciderhuset er drive av familien Eitungjerde Høyvik; Eli-Grete og Åge, og neste generasjon Tuba og Gard. Du finn det i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel.

I tillegg til produksjon av drikke er Ciderhuset eit romsleg selskapslokale. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag. Vi tilbyr program med formidling om cider og frukt eller kulturvandring i Kunstbygda Balestrand. Vi fasiliterer faglege opplegg, teambygging og anna moro. Om sommaren kan du besøke restauranten i Glashuset som har vid utsikt over Sognefjorden. Her er mat av lokale og dels økologiske råvarer og med Middelhavskjøkenet som inspirasjon. Ciderhuset passar godt til bryllaup og feiring av andre store dagar.

Les mer