Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard og stule

  Fotograf: Nordbø gard og stule

  Fotograf: Nordbø gard og stule

På setra ligg det en liten badedam som de små kan kjøle seg nedpå   Fotograf: Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard & stule

Kvitost/ Gammalost frå Hjartdal blir til.   Fotograf: Nordbø gard & stule

Produkta våre blir til og gjort etter tradisjonelle måter   Fotograf: Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard & stule

Ekte seter prim   Fotograf: Nordbø gard & stule

Vihus brunosten   Fotograf: Nordbø gard & stule

Fetost   Fotograf: Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard & stule

  Fotograf: Nordbø gard & stule

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Olav S. Nordbø
Adresse Fosserudvegen 39
3690 Hjartdal
Telefon 48149581 / 91893148
Lengdegrad 8.635402
Breddegrad 59.608587

Velkomen til Nordbø gard og stule i Hjartdal kommune. Her finn du kånn midt i eit særmerka og godt bevara kulturlandskap. Garden ligg oppi bakkane med fin utsikt over bygda. Setra ligg åtte kilometer lenger opp mot fjellet. Avstanden til høgfjellet er kort med gode moglegheiter for fiske, jakt og topptura. Nordbø er ein husdyrgard med mjølkeproduksjon. Her kan du få servering av heimelaga tradisjonsmat midt i eit særleg verdifult kulturlandskap.

Nordbø gard ligg oppi bakkane i Hjartdalsbygda, i ei solvendt li med god moldjord og med fin utsikt over bygda. Nordbø er ein av dei aller eldste gardane i Libøen, rydda i yngre jarnalder. Og var ei tid kyrkjegods og deretter krongods, før garden fekk sjølveigarar kring år 1700. Garden var tingstad for bygdetinget og lensmannsgard på 1600 talet. Og blei som så mange gardar dela i to (nedre og øvre). Nordbø er i dag ein husdyrgard med mjølkeproduksjon. Her kan du få servering av heimelaga tradisjonsmat midt i eit særleg verdifult kulturlandskap. Avstanden til høgfjellet er kort med gode moglegheiter for fiske, jakt og toppturar.aa

Stølane var i lang tid særdeles viktige for gardsbruka i Hjartdal, ikkje minst etter den store folkeauken på 1700 talet. No er det berre eit fåtal att. Ein av desse er Bjordal stule. Heimestølen ligg ca 8 km frå garden, ved elva Bjorå, som Bjordal nok har namnet sitt frå (elva der det var bjor/bever). Både på Bjordal og Nordbø er det bygt opp ysteri, som oppfyller dei strenge krava som Mattilsynet stiller når det gjeld matproduksjon.

I 2000 tok me opp att stølsdrifta. Sidan då har det vore full drift. Kvart år ved jonsoktid er det bufarshelg, då dreg folk og fe frå garden opp til stulen. Det er ein fin tur i flott skogsterreng.


SERVERING

Frå slutten av juni til august ynskjer me store og små velkomen til Bjordal stule. Du vil få ei matoppleving av setermat i eit tradisjonsrikt miljø. Her kan du få demonstrasjon av ysting og kinning, oppleve produksjon av mat på gamlemåten frå kyr som beiter fritt på urterike skogs- og fjellbeite. Og ikkje minst få smake både smør, rjome, knaost, fjellost og prim. Produkta er til sals. Og du kan få kjøpt både rjomegraut, kaffi og vaflar. Elles i året tilby vi servering på Nordbø gard. Både på setervollen på Bjordal og i Gildestogo på Nordbø gard kan vi servere inntil 30 personar.


PRODUKTA VÅR

  • Brunost
  • Fetost
  • Gammalost
  • Knaost
  • Prim
  • Smør
  • Rjome
  • Rjomegraut
  • Flatbrød

VEGFORKLARING

Nordbø gard & stule ligg sentralt i Hjartdalsbygda - E134 ca 1,2 km frå Hjartdal kyrkje. Det er ca.150 km til Oslo, 40 km til Notodden, 20 km til Seljord og 50 km til Bø sommarland.

Les mer