Juvet Landskapshotell

  Fotograf: Knut Bry

  Fotograf: Per Eide

  Fotograf: Knut Bry

  Fotograf: Knut Bry

  Fotograf: Per Eide

  Fotograf: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Knut Slinning
Adresse Gudbrandsjuvet
6210 Valldal
Telefon 004795032010
Lengdegrad 7.471867
Breddegrad 62.332588

Juvet landskapshotell – eit møte mellom rå norsk natur, kulturhistorie og moderne arkitektur. Det første landskapshotellet i Europa ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal, på ein stupbratt elvebarde innimellom bjørk, osp, furu og kampesteinar som har sett tider kome og tider gå. I denne vesle grenda Alstad i utkantnoreg møter moderne arkitektur det gamle natur- og kulturlandskapet – og viser at det moderne og nyskapande kan gå hand i hand med lokal byggjeskikk og godt, gammalt handverk.

Arkitektane bak Juvet landskapshotell, Jensen & Skodvin, ønskte å lage eit hotell utan å gjere inngrep i naturmiljøet, i pakt og samspel med landskapet det er sett opp i:

Ideen om eit landskapshotell voks fram av ønsket om å kunne ta i bruk storslåtte landskap utan å gjere øydeleggjande inngrep i naturen, og såleis gjere seg nytte av stader som elles ville ha vore utilgjengelege på grunn av verneomsyn.

Juvet landskapshotell ligg i Valldal, på Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger, 100 km frå jugendbyen Ålesund i vest. Turistar som reiser gjennom denne bygda, stoppar gjerne ved det spektakulære Gudbrandsjuvet, eit stort system av jettegryter og fossande vatn, som ligg like i nærleiken.

Om vinteren er Trollstigvegen over fjellovergangen mot Åndalsnes stengd på grunn av snø, og ein må reise ut av området via ein lengre veg utover mot havet, noko som forsterkar den aude atmosfæren på staden.

Les mer