Haaheim Gaard

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Haaheim
5685 Uggdal
Telefon 92487903
Lengdegrad 5.536116
Breddegrad 60.017221

Stadsnamnet Haaheim, tydere staden som ligg høgt eller staden til dei som tener gudane. Husfar Torstein Hatlevik med stab er behjelpelige med å finne gode opplevingar for gjestene. La Haaheim Gaard skape rammene rund eit opphald etter gjestene sine behov.

På Haaheim Gaard, er mat og smaker ein lidenskap. Mat med historie og lokal forankring, er sentralt i alle gjestebod me heldt. Haaheim har eigen gartner som skaper hagen vår til eit matfat, ein kan hauste urter/grønnsaker/frukt og bær.

Opplev ein kulturgard med sauer og høns. I tunet ligg eit gamalt sveitserhus med ein koselig restaurant i kjelleren og ein interiørbutikk i fransk landstil i bestestova. Annlegget ligg i ein stor kulturhage. Der er det små vegar som går innmed bøkehekkar og rododendroallear, dei smyg seg forbi bed med mange hundre rosetre. Veiane fører til små lysthus og paviljongar, der ein kan finne seg ein vekkgøymt stad for å nyte eit glass vin og ei bok fra biblioteket.

Utescenen er open for teater og konsertar, og folk kan tre inn i ei verd dei ikkje vissta fantest.

Når luren gjallar i fjella er middagen servert, heimelaga mat med lokale råvarer. Eller kanskje ein berre vil nyte nokre heimelaga kaker med nylaga saft og syltetøy.

Haaheim Gaard skapar minner for livet!

Bordbestilling alle dagar, ring oss gjerne på 900 34 794.

Les mer