Kafe Tynnaknuten

Vi har hane og høner.   Fotograf: Kristin Støylen

Spisestue på Tynnaknuten   Fotograf: Kristin Støylen

Her kan du kvile deg.   Fotograf: Kristin Støylen

AGA komfyr på kjøkenet.   Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

Kafe bord   Fotograf: Hildegunn Knardal

Bakeren   Fotograf: Hildegunn Knardal

Lysthus.   Fotograf: Hildegunn Knardal

Tynnaknuten sin daddelkake   Fotograf: Hildegunn Knardal

Blomster frå hagen.   Fotograf: Hildegunn Knardal

Grov bakst.   Fotograf: Hildegunn Knardal

Ostekake frå Kafe Tynnaknuten.   Fotograf: Hildegunn Knardal

  Fotograf: Kristin Støylen

Debio Godkjent Gull, Debio servering
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Hildegunn Knardal
Adresse Rovdestranda 51
6141 Rovde
Telefon 97633695
Mobiltelefon 976 33 695
Mobiltelefon 951 70 795
Lengdegrad 5.673693
Breddegrad 62.174535

Kafe kvar fredag mellom kl.12.00 og 16.00. Vi serverer fersk gjærbakst og kaker og naturlegvis nykokt kaffe m.m Vi held til på ein liten gard med dyr som alpakka, gris og høner. Gardsbutikken er open dagleg med sjølvbetjening, ofte er vi i nærleiken, stikk innom! Vi held til på Tynnaknuten gard, Syvdsnes på Rovde, i eit gamalt gardshus frå 1903. Garden ligg fredfullt til, i vakker natur på Syvdsneset der tre fjordar møtast. Vi tilbereder maten din på AGA ovn, og nyttar berre økologiske råvarer frå garden og nærområdet. Hit kan du kome for å slappe av ved den fagre Rovdefjorden, nyte den fredfulle atmosfære og slå av ein prat med bygdefolk. I hardt vær fyrer vi inne og fasinerast av kreftene her ute mot Stadt.

Kafe Tynnaknuten er driven av dagavdelinga Inn på tunet i Vanylven kommune, overskot går til turar.

Vi serverer i hovedsak økologisk mat fredager, gjærbakst både grov og fin bakst serverast rykende fersk! Vi koker kaffe på kjele som får den ekstra gode smaken og serverer som oftast kaker på fredager.

Vi har ofte salater på kafé.

Gardsbutikken til Knardal Økologiske gard er open alle dagar. Her er alle produkt er økologiske.

I gardsbutikken finn du ferske økologiske matvarer som egg, eplejus, bringebærsaft, solbærsaft, bringebærbrus og det som er på garden til ei kvar årstid, plommer, epler, solbær,rips, bringebær ( etter avtale, må stå på kjøle) grønnsaker. Salg av honning har vi i gardsbutikken.

På Syvdsneset finn du dei beste fiskeplassane og gode forhold for fridykking på lange sandbankar, rett utanfor garden.

På garden har vi dyr som gris og høns, katt og hund. Om sommaren slår vi graset og hesjar. Det er fredfullt på tunet - berre hanen som galer, alpakkaen som humrer og lyden av menneska der. Om hausten kan du plukke solbær, bringebær og rips. Du kan vandre på gamle grusvegen, gå på turstiar i fjell og fjøre eller leige hytte på høgfjellet, eit godt utgangspunkt for fjellvandring.

Les mer