Nedrebergtunet

Hauststemning

Holsetra

Holsetra

Skulen i Nedrebergtunet

Nedrebergtunet

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Amund Sverre Nedreberg
Adresse Bergsida
6783 Stryn
Telefon 48 03 80 07
Lengdegrad 6.679636
Breddegrad 61.890996

Velkomen til Nedrebergtunet i Stryn.Overnatting i Nordfjordstova og i seter på fjellet. Velutstyrt gardshus frå 1800-talet.Omvising i gardsmuseet, kulturopplevingar,sjølvhushald eller matservering. Fjordingar. Møterom i gammalt skulehus. Flotte turløyper til fjells heile året. Barnevennleg.

Nedrebergtunet er eit gammalt tun, med nyrestaurerte hus. Tunet ligg med panoramautsikt over Nordfjorden, og er flott reisemål sommar som vinter. Vi tilbyr overnatting og servering av tradisjonsmat etter bestilling.

Overnatting i Nordfjordstova høver for mindre grupper. Her er plass til 6 pluss eventuelt ekstraseng.

I Nystova har vi gardsmuseum med stor tekstilsamling, åkle, og andre gjenstandar frå gardslivet på 1800 talet og fram til 1940.

Vi held også bakekurs i masstova. Masstova er også samlingsplassen for evntyrstund, som gjev stemning rundt grua for små og store.

Området rundt Nedreberg har fint turterreng både sommar og vinter. Stryn tilbyr skiopplevingar både sommar og vinter, og flotte preparerte turløyper om vinteren. Fjella ikring er også fantastiske turmål året rundt.

På Nedreberg har ein drive oppdrett av fjordhestar og satsar i dag på alternativt hestestell. Vi er i startgropa på utprøving av utegang og barfot hest. Her skjer det mykje nytt og erfaringane deler vi gjerne med andre hesteinteresserte.

Vi kan arrangere ditt selskap, eller vere arena for bryllaup, blåturar, firmaturar o.l.

I skulehuset kan du sitte i fred og ro og lese eller lytte til musikk. Boksamling og platesamling. Høver godt for møte og kursarrangement. Kvar månad er det strikkekafe i regi av Stryn Husflidslag i skulehuset.

Nordfjordstova er og samlingsplass for månadleg krefttreff for kreftråka og pårørande. Det er basert på likepersonsarbeid og er ein del av det frivillege arbeidet i kreftomsorga.

Les mer