Påldtun Gard

Borghildbu. Ei av to hytter som ligg i frukthagen vår. Det er ei heilårshytte med toalett og dusj. Den har også ein liten kjøkkenkrok og ei god dobbeltseng. Det store vindauget gir ro i sjel og kropp. Du får årstidene, sol, regn og vind tett på.   Fotograf: Sol Fure

Syltekottet Dette er ei sjølvbetjent salgbod som står lang vegen ved garden vår. Den er open frå mai til oktober. I syltekotte finn du ferske bær og frukt i sesongen og produkt av saft, syltetøy, gelear og fruktmost som vi lagar av frukt og bær på garden vår.

Utsikt frå Nilsstova. Den har eit soverom med dobbeltseng. Hytta har fullt utstyrt kjøkken, dusj og toalett. Internett. Kort vei til frukthagen, sauna og båtutleige.   Fotograf: Dina Rygg

Ved fjorden ligg saunaen vår. Her kan du hoppe rett i fjorden heile året. Kva er vel ikkje meir forfriskande? Kald fjord og varm sauna. Saunaen kan du booke heile året.   Fotograf: Sol Fure

Veronica og Magne. Det er vi som driv og eig Påldtun gard. Her dyrker vi jordbær, bringebær og eple.   Fotograf: Katrine Anita Haugerøy

Nilsstova og Brorghildbu i frukthagen.   Fotograf: Sol Fure

Borghildbu   Fotograf: Sol Fure

Spesialitet
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Nordstrandsvegen 264
6823 sandane
Telefon 41206016
Lengdegrad 6.174237
Breddegrad 61.787609

Påldtun gard ligg ved Gloppefjorden i gamle Sogn og fjordane fylket. Vi er ein liten vestlandsgard som dyrker jordbær, bringebær og eple i sesonger. Vi har 2 stk utleigehytter i frukthagen vår. Ved vegen står ei sjølvbetjent salgsbod. Her får du handle med deg frukt og bær som er vidareforedla på garden vår. Vi har også utleige av sauna og båt. Ynskjer du ei omvisning eller at vi tar deg med på ein fjelltur i nærområdet? spør oss. Velkommen til gards

Veronica og Magne. Det er vi som driv og eig Påldtun gard. Vi dyrker jordbær, bringebær og eple på garden vår. Garden er ein liten vestlandsgard med bratte bakkar, fjord og fjell. Vi har eit ynskje om å leve av garden vår sjølv om den er liten. Vi prøver derfor å utnytte alle moglegheitane vi har på garden. Turisme, frukt, bær og lokalmat. vi ta også imot turistar på vandring i frukthagen vår. Då fortell vi litt om livet på garden før og no. Vi fortell også om historia til kvifor hyttene har fått namn oppkalla etter personar som har hatt tilknytning til garden. Velkommen til gards

Les mer