Gardsrestaurant Caprae

Eit utval av smårettar av kjekjøt.Kokk: Frode Selvåg.

Restauranten ligg fint til inst i Skjoldafjorden. Her kan ein komme med bår via Skjoldastraumen, eller med bil via Rv 513

Geir Rasmussen serverer hovedrett med Dexterkjøt.

Kjøtkombo med kjekjøt og Dexterkjøt. Kokk: Pål Kaasa.

Kjekjøt laga til av Robert og Stig i RS catering.

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Otertongvegen28
5574 5574 SKJOLD
Telefon 93438664
Lengdegrad 5.63188
Breddegrad 59.486962

Pop-up gardsrestaurant med kortreiset råvarer frå lokalmatprodusentar og eigen gard. Omvisning på garden er mogleg. I sommarhalvåret har me helgeåpent for uteservering.

Geiteprodukter.no held til på Langelandsvik gard ved Otertong i Vindafjord Kommune. Her kan ein besøke Restaurant Caprae som er gardsrestauranten vår. Denne vert driven som pop-up-restaurant der ein gjennom året kan bestille bord for heile kvelden med 3-5 rettar middag laga av produkta frå gardsdrifta. Me leiger inn ulike kokkar gjennom året. Følg med på arrangementa våre. I sommarhalvåret vil det vere mogleg å besøke oss og få servert enkle rettar på brygga, saman med god drikke fredag, laurdag og søndag.. Det er og høve til omvisning på garden og treffe både geiter, små Dexterkyr og høner på vegen. Restauranten har alle rettar til servering av drikke, både inne og ute på brygga.

På garden har me om lag 160 ammegeit av rasen Kasjmir, 10 ammekyr av rasen Dexter, i tillegg til høner som forsyner restauranten. Me legg vekt på grasfora dyrehald, og bruker under 5 % tilleggsfor til dyra. Dyra beiter på lokal vegetasjon som i stor grad liknar kystlynghei.

Me legg og vekt på å vere miljøvennlege. Difor produserer me eigen eigen straum ved hjelp av om lag 500 kvm solceller som gjev minst 70-80 MWh gjennom året. Me produserer urter til restauranten i ein innandørs Vertical Farm i samarbeid med Fruitfulfarming.

Les mer