Ølmheim siderhage

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Truls Torp Karlsen

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Marius Dalseg

  Fotograf: Marius Dalseg

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Endre Kleiveland
Adresse Norafjordvegen 977
6859 Slinda
Telefon 41408558
Lengdegrad 6.994462
Breddegrad 61.171826

Me er Sigrid og Endre, og me lagar sider. I Sogn! Me elskar å lage sider og endå kjekkare er det å dele smakane med andre. Finn roen og nyt tilværet mellom epletre og gjæringstankar. Me ynskjer alle velkomen til sidersmaking og omvisning hjå oss.

Noreg har fantastiske epler, og smaken av dei skal me dele med deg. I siderhagen på Ølmheim blir det pressa og tappa og gjæra og lagra. Og til slutt blir det servert.

Garden har vore i familien vår i godt over 300 år. Frukt har me alltid hatt, men no serverast ho også på flaske.

Me lagar moderne, naturleg og tørr sider. Sideren blir laga på den langsame måten, slik at den får god tid til å utvikle naturlege bobler og lagringsaroma. Me tilset ingenting anna enn gjær i sidrane våre, epla snakkar for seg sjølv!

Om du vil komme og smake eller kjøpe sideren vår, så finn du informasjon om det på nettsida vår, siderhagen.no.

Les mer