Storstova

  Fotograf: Clémence Polge

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Valldalsbrauta 22
6210 Valldal
Telefon 91370136 / 99579175
Lengdegrad 7.314594
Breddegrad 62.322885

Vi dyrkar den gode smaken. Vi meiner at mat skal smake godt, sjå godt ut – og det skal vere kjekt og meiningsfylt å dyrke han.

Storstova ligg i grenda Valldalen, fem kilometer frå bygdesenteret ved Norddalsfjorden. Garden ligg i eit tidlegare klyngjetun på ein moreneterrasse frå istida. Her har folk dyrka jorda i over tusen år. Vi dyrkar jordbær og poteter, og har eit fargerikt mangfald av grønsaker og urter i kjøkkenhagen.

Sommaren 2022 laga vi den første prøveproduksjonen av rørt jordbær i det nye produksjonskjøkkenet vårt. Rørt jordbær er det beste vi veit, og vi bruker berre den aller beste jordbæra til dette. Vi frys ned den rørte jordbæra med ein gong – og kan tilby den ferske, gode smaken av sommar heile året.

Når nypotetene er klare og jordbæra modnar, opnar vi gardsutsalet i garasjen på tunet. Her finn du dei godsakene det er sesong for. Når hausten kjem, flyttar vi utsalet av poteter, gulrot og rotgrønsaker til kjøleromma på garden – så det er alltid mogleg å gjere ein kortreist handel hos oss.

Les mer