Sygarden i Hålien

I slutten av juni går me sammen med kyrne til langstølen vår, Hålistølen, under Synshorn. Der mjølkar me kyrne og mjølka foredles i ysteriet vårt på garden eller sendes til TINE. Ved Hålistølen har me og ein til tider bemanna tillitsbutikk i ei bu like ved vegen der du kan få kjøpt meierivarer, kjøtt, skinn og handverk.   Fotograf: Björn Nylander

Me kjøpte Sygarden i juli 2018 og har drevet mjølkeproduksjon frå fyrste dagen. Nå har me femten kyr av rasen Vestlandsk fjordfe og foredler mjølka i eige ysteri.   Fotograf: Björn Nylander

Velkomen til Sygarden i Hålien - eit småbruk i berekraftig utvikling!   Fotograf: Björn Nylander

Enklaste måten å kjøpe produkta våre er å stoppe ved mikrotillitsbutikken vår ved innkjørseln til garden. Der har me eit kjøleskap fylt opp med produkta våre! Ta det du har lyst på og betal med Vipps. Døgnåpent!   Fotograf: Björn Nylander

Sygarden ligg mitt i Valdres og både valdrisar og gjestar kan kjøpe produkta våre direkte frå garden.   Fotograf: Björn Nylander

På Sygarden går kalvane saman med kyrne de første to månadane sån at de får dia og lære den naturlige adferden av de voksne kyrne. Det gir sterke og trygge kalver! Me brukar og mykje tid saman med kalvane og kyrne for å gjere de trygge med oss menneske.   Fotograf: Björn Nylander

Viss du ynskjer å besøkje oss og kose med de raggete kyra våre kan du ringje eller sende oss ein e-post sån at me kan planleggje å vere tilstede når du kjem.   Fotograf: Björn Nylander

På Sygarden går kyrne ute heile året og kjem berre inn i fjøset for mjølking og kalving.   Fotograf: Björn Nylander

Av den høykvalitative mjølka vår lagar vi mange forskjellige meieriprodukta i ysteriet vårt: smør, rømme, steike- og grillost, salatost, smørbar ferskost, ricotta, kvarg og innen kort og fleire typar av kvitost. Me har og ofte pølser, burger og kjøtt frå kyra våre.   Fotograf: Björn Nylander

Beitebruk er sentralt i driftsopplegg vårt, både heime på garden i Høre og på stølane våre.   Fotograf: Björn Nylander

Tillitsbutikken vår i full drift på sommaren!

Beskyttet Geografisk Betegnelse Norsk Gardsost
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Hørevegen 42
2973 Ryfoss
Telefon 46395551
Lengdegrad 8.858401
Breddegrad 61.145406

Sygarden i Hålien - Eit småbruk i berekraftig utvikkling! Kjøp ost, smør og kjøtt direkte frå garden eller i tillitsbutikkene våre!

Sygarden i Hålien er ein liten mjølkegard i Ryfoss i Vang i Valdres. Me har femten mjølkekyr av rasen vestlandsk fjordfe. Hjå oss går dyra ute året runt og de et fôr fritt frå soya og palmeolje. Me har stort fokus på dyra sin naturlige adferd og sosiale samvær. Av den grunn lar me og kalvane gå saman med kyrne de to fyrste månadane. I starten av sommaren beitar dyra biologiskt viktiga beitemarker på garden och etter det ved to stølar, heimstølen ved Hyggjande på 900 moh og Hålistølen under Synshorn på 1100 moh. Hålistølen ved Bygdin har vert i kontinuerlig drift siden mange hundre år. Ved heimstølen vår finnes ikkje fjøs men ifjor fekk me leige stølsfjøs av ein nabo og kunne dermed gjenta mjølking av Sygarden sine kyr ved Hyggjande etter 50 år.

På Sygarden har me bygget ysteri der me foredler mjølka vår til ulike meieriprodukta. Steikeost er kundene sin favoritt men me har og smør, rømme, salatost, ferskost, kvarg, ricotta og yoghurt. Produkta våre får du kjøpt i tillitsbutikkane våre ved garden eller på Hålistølen. Der betaler du enkelt med Vipps. Du kan og ta kontakt og planleggje eit besøk hjå oss der du kan vere med i fjøsen, kose med kalver og se litt av kvardagen vår.

Les mer