Adresse | Dragsvik 4-6 6899 Balestrand |
Telefon | 57694400 |
Lengdegrad | 6.560301 |
Breddegrad | 61.217155 |
Ved idylliske Sognefjorden mellom mektige fjell i Balestrand finn du Dragsvik fjordhotell. Det vesle boutiquehotellet vårt med 20 gjesterom og 4 hytter i hagen har nydeleg utsikt til fjell, fjord og brè. Her møter du vertskapet familien Farnes, syskenparet Magnar og Anne Randi, og neste generasjon Vida Maria. Velkommen til eit avslappande opphold med fredeleg idyll på hotellet som ligg på eit tidlegare gardsbruk!
Her kan du senke skuldrane, nyte den fine naturen og den nydelige utsikten. Vi fokuserer på lokale og gode kvalitetar i maten vi serverer, med gode råvarer fra den lokale bonden og frå regionen rundt oss. Hotellet har gjesterom i hotellbygningen, i villaen og hytter i frukthagen, alle med ulik innreiing og særpreg. På hotellets uteområde er det små terrassar med sittegrupper og hagestove der du kan nyte panorama utsikt, finne roen og nyte lokale smakar. Dragsvik og Balestrand er perfekt base for mange flotte fjellturar, både toppturar med fantastisk utsikt over Sognefjorden og lette turar til fine utsiktspunkt. Hotellet ligg langs den Nasjonal Turistvegen over Gaularfjellet, med mange fine naturopplevingar. I kunstbygda Balestrand er det spennande kultur og opplevingstilbud som galleri, reiselivsmuseum, akvarium, cidersmaking og fjordturar. Velkommen til det gode livet ved fjord og fjell!