Adresse | Museumsvegen 2 5778 Utne |
Telefon | 53666400 |
Lengdegrad | 6.621567 |
Breddegrad | 60.423734 |
Utne hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i snart 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.
Å bu på Utne hotel er som å kome heim til bestemor med sine florlette blondegardiner og knirkande golv og senger. Alle dei 17 romma på Utne hotel er unike med historiske trekk, møblar og stilartar. Alle med eige moderne flislagte bad. Romma kan nyttast som twin / dobbelt / enkeltrom. Nokre av romma har fjordutsikt mot fjorden/kaia, andre er vendt mot den stille bakhagen. Ingen av romma har fjernsyn. Dette for å behalda den historiske atmosfæra, og stimulere til kveldsprat eller lesing av ei god bok.
Me inviterer til sidersmaking kvar kveld kl.18.00 i siderkjellaren. Her får du servert smakfulle dråpar og historia bak produksjonen frå eit utval av dei mange frukt- og siderprodusentane i Hardanger.