Renndølsetra

Stueloftet

  Fotograf: Lars Andreas Dybvik

  Fotograf: Mattis Fredriksson

  Fotograf: Mattias Fredriksson

Badeland i Innerdalen   Fotograf: Terje Rakke

Sommerkveld

Norsk Gardsost Olavsrosa
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Innerdalen
6620 Ålvundeid
Telefon 71697796 / 91323199
Lengdegrad 8.765379
Breddegrad 62.723848

Velkomen til Renndølsetra! Kvar sommar sidan 1740 har familien Opdøl flytta dyra til setra i Innerdalen vest i Trollheimen, 3 timars kjøring frå Trondheim og Ålesund. Her kan du bo, berre for å slappe av og nyte seterstemninga, eller som utgangspunkt for fjellturer. Vi har også ein seterkafe der vi serverer vafler og enkel mat om du berre har tid til ein dagstur.

Renndølsetra vart for alvor kjent gjennom NRK-programmet Freda ro på Renndølsetra, som vart sendt i 2006.

Vi har totalt 26 overnattingsplasser, fordelt på 6 rom, Raudhytta, og fjøset. Full pensjon med skikkelig heimelaga middag, frokost og niste inkludert i prisen.

Våre heimelaga produkt kan du kjøpe på setra, vi lager forskjellige typer yoghurt, rømme og smør.

Seterkafeen er åpen kvar dag frå 12.00-16.30 i sesongen.

Renndølsetra ligg i Norges første landskapsvernområde, oppretta i 1967. Det er 3,5 km, eller omlag 1 time, å gå frå parkeringsplassen inn til setra.

Følg også med på heimesida vår, og på facebooksida.

Les mer