Adresse | Nordbygdivegen 60 3840 Seljord |
Telefon | 35 06 57 70 |
Lengdegrad | 8.61858 |
Breddegrad | 59.47667 |
Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debatter, foredrag og rotekte opplevingar.
Den mangfaldige messa med dei lange tradisjonane er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.
Handel, kultur, handverk, mat- og landbruk er sentralt på Dyrsku’n.
I over 150 år har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn ein utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.
Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!