Negarden Linge

Discovery   Fotograf: Dagrun Agnes Vikesland

Utsikt over ein av hagane, huset, mot Kyrkjefjellet og Norddal   Fotograf: Erlend Hjelme

Raud Aroma. Haldbare eple, gode å ete og gir nydeleg eplemost.   Fotograf: Dagrun Agnes Vikesland

Linge, Lingåsen og fjorden sett frå Syltefjellet.   Fotograf: Dagrun Agnes Vikesland

Aprikostre i solveggen, med utsikt til Vika og innover fjorden mot Tafjord   Fotograf: Erlend Hjelme

Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Linge 29
6210 Valldal
Telefon 92641926
Lengdegrad 7.22542
Breddegrad 62.29003

Vi har drive økologisk frukt- og bærdyrking sidan 1987 og er godkjende av Debio. Vi dyrkar eple, plomme, pære, morell, surkirsebær og aprikos. Om hausten pressar og pasteuriserar vi eplemost.

Bjørn Inge og familien driv Negarden på Linge i Valldal, Møre og Romsdal. Garden har historie langt attende. På vegen nedanfor garden er det reist ein minnestein etter krigshelten Martin Linge som vart fødd og vaks opp i Negarden.

Hans Strøm skreiv om Linge (og Lingås): ”Linge er en af de smukkeste og bedste Gaarde i hele Kaldet (…)» og ligg «i en skraa Situation mod Solen, ret ligsom en Driv-Benk i en Have…”

Foreldra til Bjørn Inge kjøpte garden i 1985 og starta raskt med økologisk drift med frukt, bær og sauer. Bjørn Inge tok over garden i 2001 og la om drifta med fokus på fruktdyrking og då særleg epler og plommer. Vi har og litt pærer, moreller og surkirsebær. År om anna har vi og aprikos som vi lagar nydeleg aprikossyltetøy av.

Tunet er spesielt med høge steinmurar som fundament for tradisjonelle vestlandsbygg. Vi er nemnd i fylket sin kulturminneplan og har fått god hjelp til å vøle og halde vedlike bygningane i gamal stil. Vi vil her særleg nemne Kulturminnefondet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norddal kommune (no Fjord kommune) og Norsk kulturarv med aksjonen «Ta et tak» som gode bidragsytarar.

Les mer