Flø Feriesenter

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Eldar Stein Flø
Adresse 6065 Ulsteinvik
Telefon 70015080
Faks 70015085
Mobiltelefon 91389024
Lengdegrad 5.850673
Breddegrad 62.402889

Med Atlanterhavet på den eine sida og nydeleg turterreng på den andre sida ligg Flø Feriesenter med 8 høgstandardhytter heilt i havkanten, 10 m frå ei nydeleg sandstrand. Båt m/motor er inkl. i prisen. Flø ligg 40 min køyretur frå fugle- og skatteøya Runde, 50 min frå Ålesund og 2,5 t frå Geiranger.

Flø Feriesenter ligg heilt ute i havgapet med skipsleia like utanfor. Hyttene ligg berre 30 meter frå sjøkanten, ei nydeleg sandstrand. Hyttene er ca. 60 kvm med 2 soverom, dusj, wc, stove, kjøkken, TV og bod med frysar + båt.

Flø var tidligare ei bygd der fiske og jordbruk var næringsveien til dei fleste, gjerne i kombinasjon. Og havet utanfor Flø er rikt på fisk av mange slag. Sei, torsk, breiflabb, steinbit, hyse, uer, makrell, pigghå, lyr, kveite, laks, flyndre og mange fleire. Vi har båtar m/motor på feriesenteret. Det fylgjer med ein båt i hytteprisen, bensin må betalast etter forbruk. I tillegg har vi nokre båtar for utleige.

Naturen på Flø innbyr til mange og varierte aktivitetar. Ein kan ta med seg sekken og gå ein tur opp på fjellet. Etter ca 10 min gange kan ein byrje på ein av dei mange oppstigningane til fjella våre. Det ligg kart over dei forskjellige rutene i alle hyttene. Er du i tvil om kva du skal velje er det berre å spørre. Der er både krevande og lette ruter. Vel oppe på fjellet er det fleire fiskevatn med rom for telting. På hausten er det mogleg å plukke bær. Blåbær, tyttebær, molte og krekling. Flø I.L har dessutan orienteringspostar på toppane. Frå dei same toppane har ein utsikt til Sunnmørsalpane på eine sia og på den andre, holmane og havet utanfor.

Les mer