Hjørundfjord Fruktpresseri

Pe-garden ligg midt i bygda Viddal. Garden har vore i drift sidan 1600 talet, og har ei spennande gards- og slektshistorie.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

Eplene skal dyrkast økologisk, og det har vore gjort eit grundig forarbeid med grøngjødsling.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

Bygda Viddal ligg ved massive fjell innerst i Hjørundfjorden.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

Ein sein og varm junikveld, Pe-garden ved foten av fjellet Jakta (1588 moh) og solnedgang i Hjørundfjorden.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

I slutten av mai 2020 ankom 1600 epletre. Dei kom raskt i blomst etter planting.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

Eplene er satt opp i ekstensivt plantesystem med støttepålar, hesjesystem og tverrtre.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

I 2020 hadde vi mykje kart, denne blei i hovedsak fjerna for å gi trea best mulig vekst. Hausten 2021 ventar vi første avling på Aromaeplene, vi gledar oss.   Fotograf: Inga Hodne-Viddal

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Inga Hodne-Viddal
Adresse Viddal 33
6190 Bjørke
Telefon 90574708
Lengdegrad 6.613786
Breddegrad 62.140038

Innerst i Hjørundfjorden, nærmare bestemt Viddal, ligg vår lisje gard Pe-garden. Over 400 år med steinhard gardsdrift har funne stad her, omkransa av dei ville og vakre Sunnmørsalpane. Her i dalen er det gode solforhold og milde vintrar, som er optimalt for fruktdyrking. Vi har planta ut 1600 epletre og ventar hausten 2021 vår første avling.

Vi likar bærekraft og naturlig produksjon, og har lagt mykje forarbeid i felta våra med grøngjødsling og forkultivering. Vi går for økologiske produkt, og vil etterkvart levere ulike produkt laga på råvarer som er dyrka heilt uten plantevernmiddel. Det skal være kortreist, naturleg, reint og friskt. Vi håper å bygge vårt eget presseri etterkvart, og ønsker å kunne tilby salg av egne produkt i eget gardsutsalg, samt omvisning og ulike aktivitetar på garden. Hovudfokuset vårt vil likevel være stell og kvalitetsbygging i eplehagen no i starten.

Les mer