Kontaktperson | Jo Marius Bøyum Bøyabreen |
Adresse | Fjærlandsvegen 4105 6848 Fjærland |
Telefon | 41503241 |
Lengdegrad | 6.751197 |
Breddegrad | 61.483523 |
Brævasshytta er familieverksemd med stor F - tre generasjonar er i sving kvar sesong. Me har valgt å ha god norsk tradisjonsmat med lokalt forankra oppskrifter på menyen, som Sosakjøtt, Hjortekjøttkaker og Rømmagraut. I tillegg har me hjorteburger og kald aure med ramslaukspesto med ramslauk frå Fjærland. Brævasshytta ligg under Bøyabréen i Fjærland, og vart bygd i 1960 av Gudmund og Mina Bøyum, og Gjertrud og Mikkel Bøyum. Før den tid dreiv Mundal Hotell ein kafé ved Bøyabréen, og når cruiseskip var på vitjing hadde bygdefolket salsboder langs vegen opp til bréen. I 1985 overtok Gerd Bøyum. I 1993 vart Brævasshytta mykje utvida til 108 sitjeplassar innandørs og med ein stor utandørsterrasse. Frå 2000 har Gerd Bøyum eigd og drifta Brævasshytta ilag med sine born. Brævasshytta er open frå 10.mai til 10. september.
Dette skriv Lonely Planet om oss;
"Do visit the Brævasshytta, built into the moraine of Bøyabreen's latest major advance, even if it's only for a cup of coffee. With the glacier right there and in your face, it's like eating in an IMAX cinema, but for real."