Adresse | Maråkvegen 19 6216 Geiranger |
Telefon | 95246488 |
Lengdegrad | 7.198578 |
Breddegrad | 62.10074 |
I andre atasje i eit gamalt trehus frå 1800-tallet ligg á la carte restauranten Olebuda. Her kan du kose deg med god mat og drikke i ein intim og særprega atmosfære. Restauranten har også friluftsservering - perfekt for fine sommerdager. Vi frister med norske retter av dei beste råvarer, henta mest mogleg frå vårt lokale matskattekammer. Alle rettigheter. CaféOlé ligg i første etasje og er ein trendy kaffibar som serverer nydelig fersk kaffi av høg kvalitet. Her kan du la deg friste av internasjonale kaffidrikkar, kaker og smårettar. CaféOlé serverer også øl og vin. Du kan nyte våre spesialiteter på vår trivelige terrasse heilt inntil gågata, midt i Geiranger, eller inne i kaféen.
Olebuda og CaféOlé ligg midt i Geiranger sentrum. Vi er eit moderne mathus i tradisjonsrike lokaler som har romma den første landhandelen og dampskipsekspedisjonen i Geiranger. Buda med si sentrale plassering har vore aktivt med i næringslivet heilt sidan starten på vegbygginga sørover og tidleg turisme rundt 1880. Hos oss kan du vere ein del av det yrende gatelivet eller du kan trekke deg tilbake på terrassen rett under Westeråsfjellet og nyte naturen mest som om du har den heilt for deg sjølv. |